Delara!

Delara kjem til VEKA!

Tidlegare i sommar erobra artisten Amanda Delara toppen av hitlistene med den personlege tolkinga si av den svenske låten «Josefin». Pianocoveret hennar av låten har nådd imponerande 1,4 millionar visningar på TikTok og låta klatra raskt til toppen av hitlistene både i Noreg og Sverige. 

Amanda Delara fekk sitt første gjennombrot i 2017 med debutsingelen «Paper Paper» og «Gunerius» remixen, og sidan den gong har ho kontinuerleg begeistra publikum med både engelsk- og norskspråkleg musikk. Den norskspråklege EP-en hennar "Eit lite stykke Noreg", gitt ut i 2020, har til og med hatt tekstar inkludert i læreplanen på vidaregåande skular i Noreg. Singelen «No er det oss» frå EP-en vart også nominert som årets låt på P3 Gull.

Året etter opplevde Delara suksess på dei europeiske hitlistene med låten «Checka», eit samarbeid med den sveitsiske superstjerna Loredana. Sidan gjennombrotet sitt i 2017 har ho stått på store scener både nasjonalt og internasjonalt, og har delt scene med verdsstjerner som Dua Lipa, Khalid og Young Thug. Med ein stadig veksande karriere og ei unik evne til å formidle kjensler gjennom musikken, er Delara definitivt ein artist som held fram med å imponera og inspirera publikummet sitt. 

Etter albumslipp på seinhausten inntek Delara Noregs tre største byar i 2024 med ein eksklusiv mini-turné. Frå den historiske perla Trondheim, via den sjarmerande kystbyen Bergen og ei allereie utseld(!) konsert på hovudstadens pulserande Sentrum Scene, landar ho til slutt i Volda for å ta VEKA med storm!

Fredag 16. februar er dagen å få med seg, billettar er ute på Tikkio no!

Sjå Delaras forrykende opptreden under P3 Gull:



Forrige
Forrige

Student-TV x VEKA = VEKAvision!

Neste
Neste

VEKA 2024 blir turnéstopp for Metteson!