Ka2 med klubbkonsept til VEKA!

VEKA 2024 er stolte over å få presentere Kløbb Ka2! Den norske dynamittduoen Ka2 kjem tilbake til Volda med det spennande klubb-konseptet “Kløbb Ka2”. Dei forklarar det slik sjølv:

Velkommen til Kløbb Ka2!

Ein kveld med fokus på herleg, dunkande dansbar musikk, ein kveld der me forvandlar Rokken til ein nydeleg klubb. Denne kvelden er dedikert til elskarar av klubbmusikk, dei som trivst best på eit dansegolv der ein kan dansa ut i dei seine nattetimane!

Kvelden vil bestå av ein lineup med diverse DJ's som me diggar, og dessutan eit DJ-set frå oss sjølv. Ikkje forvent hits og allsong, då blir du nok dessverre skuffa.. Dette er ein kveld med fokus på vår eigen klubbmusikk og musikk som me diggar.

La oss saman skapa eit fantastisk dansegolv, der respekt og kjærleik står i fokus.
For å gjera dette til ein best mogleg kveld for alle de, så har me eit par retningslinjer me ønskjer at de følgjer -

Me ønskjer at alle skal kjenna seg trygge og velkomne på arrangementet vårt, og har nulltoleranse for seksuell trakassering, homofobi og dårleg åtferd. Respektar og vêr inkluderande overfor kvarandre. Viss du opplever eller er vitne til noka form for uakseptabel åtferd, så si frå til næraste vakt eller personal omgåande.

Ver snill og minimer prat og lange samtalar på dansegolvet. Respekter dei som ønskjer å dansa og leva seg inn i musikken. Det vil vera eigne stader ein kan ha den lange gode samtalen ;))

Sist men ikkje minst, takk for at du er du og at me saman kan gjera dette til ein uforgløymeleg kveld. Me gler oss noko enormt, KOS DEG!

Evig kjærleik frå Ka2 <33

// Meir info for dei som ønskjer //

På den mørkare og mystiske sida av universet til duoen Ka2 finn du Kløbb Ka2. Musikk som er laga for å ta deg med på ei reise, anten det er på dansegolvet eller heime i di eiga stove med lukka auge og øyretelefonar på. Inspirert av norsk natur, mytar og ur-musikk kombinert med rytmar frå techno, house og elektronisk musikk er låtane ofte ei reise som utforskar dei eksistensielle spørsmåla i livet.

Å oppleva Ka2 bak DJ-spakane er ei reise i seg sjølv. Duoen er kjend for sine energiske DJ-set med live vokal, der dei kombinerer sine eigne låtar med dansbar musikk som dei sjølv elskar. Målet er som alltid å spreia kjærleik, fridom og krafta i det å berre vera.

Med internasjonal merksemd og rundt 4 millionar avspelingar på klubbmusikken åleine, er duoen no klar for å gi ut sin fjerde kløbb EP. Hausten 2023 kjem “Amanita”, eit stykke verk beståande av tre låtar der dei held fram med å utforska den elektroniske verda.

Om du endå ikkje har fått det med deg, så kan du sjekka ut Ka2 sitt live DJ-set frå Geirangerfjorden her:
https://www.youtube.com/watch?v=wviAFTpWiNU&t=1s

Om det skulle herska nokon tvil.. Festen held fram.

Billettar er allereie i sal på Tikkio!
Arrangementet har 18 års aldersgrense.

Forrige
Forrige

VEKA 2024 blir turnéstopp for Metteson!

Neste
Neste

Elektropop-stjernen Moyka til VEKA!