Tilbake til alle arrangementer

Moyka


MOYKA KJEM TIL VEKA 2024!

Moyka har som produsent og låtskrivar det siste året skrive og produsert det som resulterte i det vakre debutalbumet "The Revelations of Love". Albumet har fått strålande kritikk både heime i Noreg og i det store utlandet, og det blir hausta lovord som "meisterverk" og "framtida av scandipop" når det blir skrive om Moyka og plata. Opphavleg kjem Monika Engeseth frå Hallingdal, men har dei siste åra vore busette i Bergen etter ho tok til seg artist-namnet. Her har ho eksperimentert med eit lydbilete av elektronisk pop, inspirert av store kjensler og kontrastar. Dei vakre, melankolske tekstane hennar blir fletta inn i eit lydbilete som balanserer på grensa mellom det organiske og det elektroniske universet. Og i sentrum av det heile, står Moyka sin klare og sterke vokal.

Debut EP-en "Circles" vart hylla med m.a. terningkast 6 i Bergens Tidende. Godorda frå dei stoppa ikkje der når ho sommaren 2020 sleppte EP-en "Spaces", der dei omtalte oppfølgjaren som ei "fordømt bra samling poplåtar!", samtidig som internasjonale medium var full av begeistring. 22. oktober i år følgde Moyka opp med det etterlengta debutalbumet "Revelations Of Love", der singelen "Illusion" vart skrive om i amerikanske Billboard og lista som "10 Cool New Pop Songs To Get You Through The Week".

På scena leverer ho eit energisk liveshow i samsvar med den mektige musikken. Igjen og igjen har ho overtydd publikum og arrangørar så vel som meldarane. Frå Vill Vill Vest og deretter Den Hemmelige Festen i Bergen i 2018, til dei store festivalane som f.eks by:Larm, Bergenfest, og Øyafestivalen i 2019, så vel som då ho fekk æra av å supporte Sigrid på Noregsturneen hennar same år.

Vi gler oss til ho kjem til Volda og VEKA 2024 - torsdag 15. februar!

Dørene opnar: 20:00
Konsertstart: 22:00

Medlem: 200,-
Ikkje-medlem: 250,-

Billettar og festivalpass i sal frå fredag 8. desember

18 års aldersgrense

Forrige
Forrige
10. februar

Vekerevyen 2024

Neste
Neste
16. februar

Delara