Tilbake til alle arrangementer

Ølsmaking med Nøgne Ø

Liker du øl, er du interessert i øl og vil du prøva noko nytt? Da er dette det perfekte høvet. Bli med på ølsmaking!

Tysdag 20. februar kjem Martin frå Nøgne Ø endeleg tilbake til bygda for å halda smaking igjen! Han har med seg ei rekkje godsaker frå menyen til Nøgne Ø og steller i stand ei smaking slik berre Martin kan. Dette er ein kveld du ikkje vil gå glipp av! Nøgne Ø har leidd an i den norske ølrevolusjonen sidan oppstarten i 2002. Med over 300 utmerkingar frå inn- og utland er Nøgne Ø Noregs mest premierte bryggjeri.

Smaking startar kl 19:00 i caféen, og du blir leia gjennom eit knippe på 6 ulike brygg frå Nøgne Ø.

Det er svært avgrensa antal plassar, så vêr tidleg ute!

Medlem: 250,-

Ikkje-medlemmer: 300,-

18 års aldersgrense

NB: Ølsmaking inngår ikkje i VEKApasset for 2024!

Forrige
Forrige
18. februar

Barnedisco

Neste
Neste
21. februar

VEKAkviss med Erlend og Ole Henry