Tilbake til alle arrangementer

Metteson


METTESON KJEM TIL VEKA 2024!

Metteson har sidan debuten skapt store bølgjer i populærmusikken. Metteson som på rekordtid har sunge seg rett inn i våre hjarte har på ingen måte teke noko snarveg til å ha veksande publikum i heile Europa. Det har berre gått ekstremt fort.

Metteson er headlineren som vi allereie føler at vi kjenner godt, men som først no skal ut på debut-turneen sin. Reisa byrjar no sjølv om han allereie har oppnådd meir enn fleste gjer gjennom ein lang karriere.

Der den første smakebiten til albumet, Put It To Sleep, handla om å tilgi og leggja fortida bak seg så skildrar den nyaste singelen Waves eit menneske som står midt i ein storm av kjensler, og i eit basketak med havet. Den tyngjande kjensla av urettferd og håpløyse står sentralt i teksten. Medan musikken driv lyttaren framover og ut på dansegolvet. Ei beskrivande kraft som alltid skjer når Metteson entrar scena.

Mettesonbølgen vil treffa dansegolvet på Rokken fredag 23. februar 2024, og det er berre å gle seg!

Dørene opnar: 21:00
Konsertstart: 23:00

Billettar og festivalpass i sal no!

18 års aldersgrense

Forrige
Forrige
22. februar

VEKAvision

Neste
Neste
24. februar

Geek Out!