Det blir revy i år igjen!

Kvart år knitrar det litt i tærne for alle revytørste studentar i den kjære bygda vår. “Blir det faktisk revy igjen?” “Kven skal styra det i land i år?” “Er det sant at Johan Roppen skal spela saxofon?”

Men heldigvis har redninga kommen som kvitskjegga menn på julekvelden, og vi kan forsikra alle bekymra sjeler mellom Ørsta og Stryn; det blir Vekerevy også i 2024! Eit fantastisk team med både skodespelarar, instruktørar og gode hjelparar har plukka opp penn, papir og paljetthattar, og jobbar for harde livet med å snikra saman ein skikkeleg knallrevy som atter ein gong skal vera “Den beste Vekerevyen til no!!”

Revysjef Fanny Birkeland har saman med instruktør Sebastian Lerpold teke på den ærefulle oppgåva med å leia heile sirkuset i denne omgangen. Dei studerer begge journalistikk på første året, men er trygge og klare for å føra vidare ein av Voldas herlegaste tradisjonar.

“Me er audmjuke”, seier Lerpold før Birkeland bryt inn. “Men me skal laga den beste revyen Volda nokon gong har sett” forsikrar ho.

Laurdag 10. februar brakar det altså laus med gallapremiere for inviterte gjester, og det showet her vil du ikkje gå glippar av!

Årets revy-kjerne, med skodespelarar i kvitt, og instruktørar i sort. F.h.: Johanna Hummelvoll Andersen, Mia With-Kalland, Oda Bårdsnes Fagermo, Fanny Birkeland, Martin Mork, Sebastian Lerpold, Hanna Møller-Hansen, Khaled Moussa og Edvard Haugland

Forrige
Forrige

Erlend og Ole Henry gjør VEKAkvissen!

Neste
Neste

VEKA 2024!