VEKA 2024!

Når isen ligg tjukt på Rotevatnet og Berte Kanutte-bygget luktar av risgraut og eksamensstress, då er det jammen ikkje lenge til bygda igjen skal fyllast med VEKA!!

VEKA 2024 skal som alltid bli ein folkefest utan likar, både for studentar, lokalbelkning, og alle andre bergtroll som måtte ønskja å vera med på festen. Festivalen vil gå frå føre seg 10. til 24. februar 2024, med både konsertar, revy og andre sprell. Som alltid vil store delar av festivalen finna stad på vårt høgt elska vasshol Rokken, men også resten av bygda skal syngast i VEKA-tonar i februar.

Me gler oss til å festa, syngja og dansa med dykk, me sest i februar!

Kyss og klem,VEKA-styret

Forrige
Forrige

Det blir revy i år igjen!