FAQ

  • VEKA er ein studentfestival drive av Studentsamfunnet i Volda. Mange av arrangementa finn stad på Studenthuset Rokken, som har vore med å skapa festivalen sidan opninga i 2005.

    Festivalen vart arrangert for første gong i 1985, og har hatt mange former opp gjennom åra, men har vore heim for både store og små konsertar, arrangement som bokbad, karaoke, studentbandkveld, fektekurs, stand-up og ikkje minst den tradisjonelle Vekerevyen!

  • VEKA er drive av Studentsamfunnet i Volda, som også er med å organisera kveldsdrifta på Studenthuset Rokken. Derfor er det mange av kjende Rokken-T-skjorter som er med å driva VEKA. I tillegg er dei fleste Rokken-frivillige med og jobbar under festivalen.

    Studenthuset Rokken er VEKAs viktigaste samarbeidspartnar, og møter oss kvart år med opne armar - noko vi er veldig takksame for!

  • Du kan melde deg som VEKA-frivillig under sida “bli frivillig” eller ved å trykke her.

  • Alle kveldstidsarrangement på Studenthuset Rokken har 18 års aldersgrense, på grunn av alkoholsalg. Men enkelte VEKA-events, deriblant alle dagtidsarrangementer, er åpne for alle! Om du er usikker kan du sjekke vårt program.

  • Ja! Dersom du har vunne ein gratisbillett på Rokken-kviss i løpet av våren 2024, kan du bruka han på dei fleste VEKA-event. For å få godkjent billetten til bruk, må du kontakta Studenthuset Rokken (t.d. via Facebook) og seia frå kva event du ønskjer å ruka han på. Deretter må du ha med den fysiske papirlappen når du kjem i døra.

    NB: I 2025 kan kvissbillett ikkje brukes på Ølsmaking eller Yoga.

  • Alle studentar ved HVO kan kjøpa medlemskap i Studentsamfunnet i Volda, som gir minst 50 kr i rabatt på alle billettar til arrangement ved Studenthuset Rokken eller VEKA.

    Dersom ein har kjøpt ein medlemsbillett, men ikkje har medlemskap, kan ein betala mellomlegget i døra.

  • Vi har desverre ikkje høve til å ta kjøpte billettar i retur, men vi avgrensar ikkje vidaresal.

Har du eit anna spørsmål? Send oss ei melding!

post@veka.no
@vekaivolda

Industrigata 12
6100 Volda