Revyen kjem tilbake!
Når vinteren har lagt sitt kalde teppe over Volda, og eksamensnervane har lagt seg, er det éin ting som får studentane i bygda til å kjenne at det verkeleg kriblar i magen. Vekerevyen er tilbake!
«Kan dei verkeleg toppe fjoråret?» «Blir det berre latter, eller litt alvor òg?» Spørsmåla surrar, og svara får du når eit talentfullt team av skodespelarar inntar scena for å gje deg ein kveld du seint vil gløyme. Årets revy er ei hyllest til både VEKA sitt 40-årsjubileum og sjølve livet. Gjennom humor, satire og kanskje ein dose ettertanke, lovar årets team å servere eit ellevilt show!
I år er det revysjef Pia Pernille Hildre og regissør Maria Norbeck som har fått æra av å gi liv til denne framsyninga. «Eg har samla ein fantastisk gjeng, som eg veit fiksa VERDENS BESTE revy!» seier revysjef Hildre, som er sikker på at dette blir ein suksess.
Fredag 7. februar står dei klare på scena for å lage ei uforgløymeleg oppleving! Sleng på deg finstasen, og gjer deg klar for ein kveld der latteren og applausen aldri tek slutt! «Kan dei verkeleg treffe blink igjen?» Svaret får du på scena! Du kan sjå forestillinga kvar dag frå 7. til 11. februar!