Veka 40 år!
VEKA-sjefen er heilt sjef Foto: Iver Alne Bolin
Slik som ein måndag ofte gjer kom VEKA med ein brak i år også! VEKA fyller 40 år og med det må ein sjå litt tilbake til kor det starta.
: Ein veit aldri heilt kva VEKA skal omhandle, men det er det som gjer det spennande.
Det er no 40 år sida studentar ved høgskulen tok på parykkar og song for full hals for første gong. Vilja og kreativitet var då like sterke som den er i dag. Og sjølv om vi studentar kanskje virke litt tafatte til tider har vi iallfall klart å halde ein tradisjon ved like.
Årets revytema var Motorhavari, men VEKA har heldigvis aldri gått fullstendig på grunn – enda! Sjølv om økonomi kanskje ikkje er like sprekt som song og dans, har samarbeid med sponsorar, lokalbefolkninga og ikkje minst dei frivillige studentane som gir 110 % kvart år, sørga for at VEKA rullar vidare.
Utklipp frå Peikestokken utg.2 1997. Rudolf Sachs.
Og sidan økonomistyring er litt som å halde styr på ein dans utan å snuble, fann VEKA og vekerevyen ut at det var best å slå seg saman for godt i 1997 – eit økonomisk ekteskap som har halde seg sterkt heilt til i dag.
Fram til 2005 var veka sentrert rundt Kyrkja, Studentkroa og samfunnshuset, men så kom Rokken studenthus på plass på det gamle ullspinneriet, og endeleg fekk veka også sitt nye hovudkvarter. Man kan berre tenke seg kor mange dagar og netter, lange møter og tullete idear som har sprunge gjennom gangane på Rokken, og alle dei flotte venskapa og opplevingane som har blitt skapt. Dei første åra var det nok revy og karneval som stod mest i fokus, gjennom dei siste åra, har veka utvikla seg samt etablert seg på eit nytt nivå der Rokken studenthus som sørger for ølsmaking, konsertar, Yoga, bingo, barnas dagrevy, VEKA kviss og masse meir…
Utklipp frå peikestokken
Tilbake i tid: Foto: Birte Kamille Austad Øen
VEKA er meir enn revy og fest. Det er ein samling av lokalsamfunnet, der studentane ved høgskulen får moglegheita til å gi tilbake. Årets vekasjef Thilde Fosseide Thomasgård (23) formulerer seg flott under premiera av vekerevyen fredag.
«Det å lage festival er som å legge eit puslespel. Et titusen bitar puslespel. Og ramma det er sponsorar, samarbeidspartnarar, studentsamfunnet b.la., og når du har laga ramma blir det mykje lettare å fylle den inn. På eit tidspunkt så kjennast det litt håplaust ut, korleis skal dette gå og korleis skal alle bitane få plass? Men man er mange, og då går det mykje lettare. For alle brikkene er dei som bidrar. Saman får ein det til, og VEKA puslespelet har faktisk blitt lagt 39 gonga før, som gjer det mykje kjekkare å legge dette puslespelet år etter år.»
Så om du framleis ikkje er sikker på kva dag det er i dag, så går det bra, for vi har ei heil veke fylt med sprell.
Artikkelen er skreven av Birte Kamille Austad Øen